Babyhouse
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Kattnakken Garden Sydvest, Mørk Blå

149,- 249,- -40%

Sydvest i mjuk kvalitet (PU) med fleecefòr og øyreklaffar. Sydvest er eit genialt plagg på regnvêrsdagar. Eit lite tak som skuggar for øs pøs regnvêr. 

 

Vanntett - la det øs pøse ned og du held deg tørr. Vannsøyle på 10 000 mm.

 

Regntøy vaskast på 40 grader fin/yttertøyvask med flytande vaskemiddel, ikkje bruk ullvaskemiddel på yttertøy, hugs å slå av sentrifugen så vil plagget halde seg fint lenge. Sentrifugering vil ikkje ha nokon effekt på denne typen stoff, forutan at det vil øydelegge vanntettheten i lengda. Etter vask; vreng det, heng det opp og la det drypptørke. Eit regntøy treng ikkje bli vaska kver dag, du kjem også langt ved å tørke over med ein våt klut.
Ikkje bruk tøymjuknar.

 

Regntøyet til Kattnakken blir laga av noko me forkortar til PU. Dette stoffet er laga i plast for å gjera det vanntett og ein er også trygg for at det ikkje er noko PFC (Perfluorerte forbindelser, Fluoriserte stoffer) i PU-plagg.

 

Ein skal heller aldri bruke impregnering på eit plagg laga av PU.

 

Oppbygginga av eit PU-regntøy kontra eit teknisk regntøy er veldig forskjellig.

Eit PU-stoff er laga av plast og er defor vanntette i seg sjølv. Eit teknisk stoff er som oftast eit vevd materiale, blir tilført eit belegg på baksida (coating) og impregnering av div variantar på yttersida. Dette gjer at dette stoffet kan få eigenskapar som pustande, men det gjer også stoffet svakere samanlikna med eit PU-stoff.

Eit PU-stoff vil halde seg lenger i kraftig regnver og i vask. Om ein ikkje får hol i regntøyet så vil ein ha eit regntøy som held tett i mange år.

Eit teknisk stoff som kan vera lettare og meir behageleg når ein driv med høgaktivitet ute, vil halde deg tørr til eit viss punkt, men vil bli slitt med tida og under vask.

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke