Babyhouse
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Kattnakken Pøs Regnsett Insekt, Sevilla Vine

699,-

Kvalitet:

Med refleks - så synast du i mørkretVindtett - sørger for at Nordavinden ikkje gjer deg kaldVanntett - la det Øs Pøse ned, du held deg tørr. Vannsøyle på 10 000 - 30000 mm.

Materialer:

PU

Me har laga ein ny liten flokk av regnsett.

Nett som i eventyret om bukkane Bruse, er dei ulike i si framtoning og eigenskapar.

Alle setta er laga i gode kvalitetar og av flinke leverandørar,

men prisen og eigenskapane er noko ulike.

Me kallar dei Yr , Pøs og Plask.

 

PØS

I dette settet er jakke og bukse i same kvalitet.

Begge delar har børsta innside som lunar godt. Me har sjølvsagt refleksar på både bukse og jakke.

Dette settet har ikkje vannstoppar i ermer eller bein, men me har med den slitesterke gummien under foten.  

Sveisa saumar og sikker hette som er både avtagbar og regulerbar.

Gode kvalitetar og sterke saumar held regnet ute dagen lang!

Vannsøyle på 20 000 mm. 

 

 

Vårt regntøy er printa for hand og det kan derfor forekomme små variasjonar i printet. Dette påverkar ikkje kvaliteten i regntøystoffet.

Regntøy vaskast på 40 grader fin/yttertøyvask med flytande vaskemiddel. Ikkje bruk ullvaskemiddel på yttertøy, hugs å slå av sentrifugen så vil plagget holde seg fint lenge. Sentrifugering vil ikkje ha nokon effekt på denne typen stoff, forutan at det vil øydelegge vanntettheten i lengda. Etter vask; vreng det, heng det opp og la det drypptørke. Eit regntøy treng ikkje bli vaska kvar dag, du kjem også langt ved å tørke over med ein våt klut.

 

Ikkje bruk tøymjuknar!

 

Om plagget er vått etter leik ute, er det viktig å henge det opp til tørk på ein luftig stad.

Pu stoff vert øydelagt om det ligg vått samanbretta, tildømes i ein pose over tid. 

Har du bretta opp ermene ute i regnet, er det viktig å brette dei nedatt, så ermene får lufttørke.

 

Om du skal være uheldig å miste ein knapp kan du kontakte oss og vi sender deg ein ny!

Vi har ikkje lenge ekstra knapper i plagga våre, då ein sjeldan finn dei når ein treng dei. 

Slik sparer vi miljøet for mange unødige knappar.

Lause fotstrikkar får du også kjøpt i nettbutikken.

Regntøyet til Kattnakken blir laga av noko me forkortar til PU. Dette stoffet er laga i plast for å gjera det vanntett og ein er også trygg for at det ikkje er noko PFC (Perfluorerte forbindelser, Fluoriserte stoffer) i PU-plagg.

 

Ein skal heller aldri bruke impregnering på eit plagg laga av PU.

 

Oppbygginga av eit PU-regntøy kontra eit teknisk regntøy er veldig forskjellig.

Eit PU-stoff er laga av plast og er defor vanntette i seg sjølv. Eit teknisk stoff er som oftast eit vevd materiale, blir tilført eit belegg på baksida (coating) og impregnering av div variantar på yttersida. Dette gjer at dette stoffet kan få eigenskapar som pustande, men det gjer også stoffet svakere samanlikna med eit PU-stoff.

Eit PU-stoff vil halde seg lenger i kraftig regnver og i vask. Om ein ikkje får hol i regntøyet så vil ein ha eit regntøy som held tett i mange år.

Eit teknisk stoff som kan vera lettare og meir behageleg når ein driv med høgaktivitet ute, vil halde deg tørr til eit viss punkt, men vil bli slitt med tida og under vask.

Det er også derfor eit teknisk stoff har høgare vannsøyler enn eit PU-stoff. Rett og slett fordi det må ha litt å gå på. 

 

Alle typar PU og tekniske stoff  tåler IKKJE skyllemiddel og ein må heller aldri bruka ullvaskemiddel på yttertøy.

Kommentarer

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke